Tidlegstemming ved stortingsvalet 2021

Tidleg førehandsstemming er ei ordning for deg som ikkje har moglegheit til å stemma til hausten. Har du stemmerett, kan du førehandsstemma i Vindafjord sjølv om dette ikkje er din heimkommune.

Dersom du ikkje har moglegheit til å stemma i løpet av den ordinære førehandsstemmeperioden eller på valdagen, kan du tidlegstemma.

Kvar og når du kan tidlegstemma

Du kan gi tidleg førehandsstemme på servicetorget ved Vindafjord rådhus.

Adresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Periode
1. juli til og med 9. august
Opningstid
Måndag til fredag klokka 08.00-15.30

Hugs å ha med legitimasjon!

Ordinær førehandsstemming frå 10. august

Frå 10. august startar den ordinære førehandsstemminga. Førehandsstemminga avsluttar fredag 10. september.

Førehandsstemminga skjer på  kultur- og læringssenteret ved Sjøperlo, og ikkje på rådhuset slik som ved tidlegare valår.

Valdagen er 13. september.

Les meir om valet på vår temaside