Dei politiske utvala, OPOM og DUK, var i dag på felles synfaring på Solbakken, som nærmar seg opning. Dette er omsorgsbustadar for personar med nedsett funksjonsevne.
DUK og OPOM på synfaring på Solbakken
Nils Erik Eide
Byggjeleiar Audun Skeie leia synfaringa og fortalde om prosessen og om bustadane. Solbakken blir truleg opna tidleg på nyåret.
Engasjerte politikarar stilte spørsmål til byggjeleiar Audun Skeie, Nina Drivarbekk Haslemo frå tilrettelagde tenester og avdelingsleiar Anne Liv Gjerde Imsland.
Sist endra 21.11.2022 14.19