Straumstøtte til frivillige organisasjonar

Fristen for å søka straumstøtte er 7. september.

NickyPe for Pixabay

Lotteri- og stiftelsestilsynet har opna for søknadar om straumstøtte, søknadsfristen er 7. september klokka 13:00.

Ordninga gjeld i perioden april 2022 til mars 2023, og vi det er lagt opp til ei søknadsrunde kvart kvartal. Det kan no søkast om støtte for perioden april-juni 2022.

Formålet med straumstøtteordninga er å motverka negative konsekvensar av dei høge straumprisane.

Straumstøtteordninga gjeld for organisasjonar med straumforbruk med ein månadleg gjennomsnittspris på over 70 øre per kWt i søknadsperioden. Mottakarar får dekt 80 prosent av prisforskjellen mellom 70 øre per kWt og den månadlege gjennomsnittsprisen.

Kven kan søka?

Søkar må ha organisasjonsnummer for å kunna søka, og desse organisasjonane har rett til å søka:

  • Verksemder som er registrerte i Frivilligregisteret. Me oppfordrar organisasjonar som oppfyller kriteria, til å registrera seg.
  • Verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligregisteret, kan søka dersom eigarar/medlemmer med bestemmande innverknad er registrerte i Frivilligregisteret. Dette gjeld til dømes idrettslag som har skilt ut drifta i eit eige selskap som ikkje er registrert i Frivilligregisteret, der idrettslaget har den bestemmande innverknaden.
  • Andre frivillige verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligheitsregisteret, kan få støtte dersom verksemda hovudsakleg er driven av frivillig arbeidsinnsats og det ikkje er høve for privatpersonar eller kommersielle føretak å oppnå økonomiske fordeler frå verksemda. Med frivillig arbeidsinnsats meiner vi menneske som bidrar utan løn eller anna form for økonomisk motyting, verken no eller i framtida. Til dømes kan frittståande kyrkjelyds- og forsamlingshus under Den norske kyrkja, grendehus og lokale forsamlingshus søke om dei hovudsakleg er drevet av frivillig arbeidsinnsats.

Det er Lotteri- og stiftelsestilsynet som behandlar søknadar frå frivillige lag og organisasjonar, i førre runde var det kommunane som hadde dette ansvaret.

Les meir om vilkåra for ordninga og korleis du kan søka her.