Straumstøtte til frivillige organisasjonar

Regjeringa har vedtatt ei midlertidig tilskotsordning for frivillige organisasjonar, som følgje av ekstraordinære straumprisar. Søknadsfrist er 15. mars kl. 13.00.

NickyPe for Pixabay

Målet med tilskotsordninga er å motvirke at dei høge straumprisane fører til redusert aktivitet og høgare avgifter i frivillige organisasjonar. Tilskotet skal som hovudregel gå til frivillige organisasjonar registrert i Frivillighetsregisteret.

Vindafjord kommune har motteke 459 244 kroner til denne tilskotsordninga.

Ta kontakt med kulturadministrasjonen på telefonnummer 53 65 58 50 dersom du har spørsmål. 

Retningslinjer

Les meir om ordninga på regjeringa sine heimesider.

Søknadsskjema

Lenke til søknadsskjema finn du her.