Støtt årets NRK TV-aksjon

Søndag 20. oktober går me saman for små heltar! Bøsseberarane startar å gå kl 14.00 i Etne og Vindafjord kommune. 

NRK TV-aksjonen

Årets TV-aksjon går til Barnekreftforeininga

Pengane går til: 
Barnekreftforeininga skal etablera familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Her kan barn med alvorleg sjukdom og familiane deira bu saman mens barnet får behandling.

Saman kan me bidra til at: 
- Familiar unngår å bli splitta sjølv om dei bur langt unna. 
-Barn med alvorleg sjukdom får ha heile familien hos seg i behandlingsperioden.
-Foreldra kan ta vare på alle barna sine, seg sjølv og kvarandre. 
-Søsken blir inkludert, sett og ivaretatt og familien kan skapa gode stunder i ei vond tid. 
-Familiar kan finna ro og leva eit meir normalt kvardagsliv i ein vanskeleg situasjon. 

Ta vel imot årets bøsseberarar som kjem på søndag! 

NRK TV-aksjonen