Stipend og heider på nyttårsmottakinga

Vindafjord har mange flotte ungdommar, og nokre av dei vart heidra for innsatsen i 2022 under ordføraren si nyttårsmottaking i Ølen kulturhus søndag kveld. Kulturstipendet blei tildelt Kristine Hustveit Nybru.

Frå venstre: Hovudtalar Knut Arild Hareide, Kristine Hustveit Nybru, Bertine Skipevåg Tveit, Anna Vivelid, Joakim Berge, ordførar Ole Johan Vierdal og Jane Alvseike Austrheim som tok imot heider og blomar på vegne av sonen Reidar Austrheim. Nils Erik Eide

Kulturstipendet må ungdommane sjølv senda inn søknad på. Her er grunngjevinga til Utval for oppvekst og omsorg for tildeling av kulturstipendet:

«Kristine Hustveit Nybru vert tildelt kulturstipendet for si satsing innan fotball og toppidrett, både lokalt, på landslag og som utdanning. Ho vil nytta prisen til skulepengar, reiseutgifter for å delta i idretten og andre relaterte utgifter. OPOM trur at ho vil profilera Vindafjord på ein god måte gjennom idretten.»

Heider

Anna Vivelid

Gull i NM i ledklatring i 2022 og sølv i NM i buldring 2022 i juniorklassen. Vann også Norgescupen samanlagt i 2022 i sin aldersklasse.

Bertine Skipevåg Tveit

Gull i NM i sandvolleyball i klassen JU17 i 2022. Har også tidlegare blitt tatt ut til U17 landslaget i vanleg volleyball.

Joakim Berge

I konkurranse med 5 andre lærlingar i finalen, tok han gull i Yrkes-NM i tømrarfaget.

Reidar Austrheim

Han tok NM-gull på halvmaraton klasse M18-22.

Her kan du sjå bilder frå ordføraren si nyttårsmottaking