Stenger vatnet i ein periode
Vindafjord kommune skal i veke 40 (3.-7. oktober) skifta filter på renseanlegget ved Raunes vassverk. Alle abonnentar tilknytta vassverket vil i denne perioden kunna oppleva farge på vatnet.
Analogicus, Pixabay
Tirsdagen vil vatnet bli heilt nedstengt i ein periode. Då kan nokre abonnentar oppleva at dei mister vatnet.
Oppmodinga er at husstanden tappar opp litt drikkevann for denne veka måndagen. Det blir sett ut 1.000 liters dunk for flaskevatn ved sjukeheimen i Vats og ved Knapphus bensinstasjon.
Kommunen vil ta vassprøvar kvar morgon når arbeidet pågår, og kokevarsel blir sendt ut om det blir påvist bakterie på vassprøva. Dei siste prøvane av råvatnet har vore fine, og det kan drikkast.
Har du spørsmål eller vil melda inn noko i samband med arbeidet, ring mobil 48 15 95 45.
Sist endra 03.10.2022 10.35