Søk tilskot om energitiltak for frivillige organisasjonar

Frivillige lag og organisasjonar i Rogaland som eig eigne bygg og anlegg, kan søka Rogaland fylkeskommune om støtte til å gjennomføra energitiltak i desse bygga. Søknadsfristen er 24. september.

Solceller på tak  - Klikk for stort bilete andreas160578, Pixabay

Aktuelle tiltak kan vera tiltak som reduserer energibruk, som installering av varmepumper, etterisolering, skifta til LED-belysning osv., eller tiltak som gir lokal energiproduksjon, som til dømes installering av solceller eller bergvarme.  

Det gjenstår i underkant av tre millionar kroner i ordninga, og fylkeskommunen lyser derfor ut midlar også hausten 2024. Per nå er det ikkje sett av midlar i fylkeskommunens økonomiplan til denne ordninga i åra framover, og søknadsrunden denne hausten kan derfor bli siste høve til å benytta seg av ordninga.

Ordninga gjeld for frivillige lag og organisasjonar som eig eigne bygg og anlegg, og det kan ikkje gis støtte til energitiltak som allereie er gjennomført eller igangsatt. 

Søknadsfristen er 24. september 2024, og fordeling av tilskot blir vedteke av regional-, kultur- og næringsutvalget i november. 

Innvilga tilsegn om tilskot vil vera gyldig ut 2026, så organisasjonar som treng det, har noko tid på seg til å få gjennomført tiltaket. Det kan gis støtte til inntil 50 prosent av dokumenterte sluttkostnadar, og maksimalt 150 000 kroner per bygg/anlegg. 

Les meir om retningslinjene og kriteria for ordninga og finn lenke til søknadsskjema her


Ved spørsmål om ordninga, kan Rogaland fylkeskommune kontaktast på e-post erlend.kjernsrod@rogfk.no