Plankartet viser korleis ein fordeler areala i kommunen til ulike formål og gjennom vedtak av plankartet blir det bestemt kor område for sentrumsfunksjonar, bustadar, hytter og næring, landbruks-, natur- og friluftsområde med meir skal vere. Arealdelen er det overordna styringsdokumentet for arealbruk i Vindafjord kommune.
Meir informasjon og heile planforslaget finn du her
Bakgrunnen for planforslaget
Planprogrammet for kommuneplanen frå 2021er oppskrifta for planarbeidet. I planprogrammet har det blitt bestemt kva tema som skal reviderast i arealdelen. Desse er:
- Bustad og tettstadutvikling
- Landbruk og næringsutvikling
- Bruk og vern av sjøområde og strandsone
- Føresegner til kommuneplanen
- Gjennomgang av eldre reguleringsplanar
Samfunnsdelen til kommuneplanen viser måla for kommunen og korleis me skal jobbe for å nå dei. Denne delen av kommuneplanen legg derfor viktige føringar for korleis kommunen skal planlegge for arealbruk i kommunen.
Høyringssvar
Kommuneplanen sin arealdel har stor betydning for kommunen, regionen, næringar, nabolag og grunneigarar. Det er føreslått ei rekke endringar i arealbruk, me vil derfor oppmoda alle til å sette seg inn i planforslaget og sende inn høyringssvar dersom ein har meningar om planforslaget. Planforslaget som no ligg på høyring er ikkje vedteke endå og det er mogleg å påverke utfallet.
Alle kan gi innspel til planforslaget. Innspel til arealdelen skal sendast til kommunen pr post eller epost: postmottak@vindafjord.kommune.no.
Etter at høyringsfristen har gått vil administrasjonen behandle alle innkomne høyringssvar og vurdere endringar i planforslaget før planen blir lagt fram til endeleg politisk behandling og vedtak.
Planforslaget har desse dokumenta:
- Plankart – kart over Vindafjord kommune som syner noverande og forslag til framtidig arealbruk
- Føresegner – reglane til plankartet og arealbruk
- Planskildring – ei skriftleg skildring av planen
- Konsekvensutgreiing (KU) – ei vurdering av konsekvensane til nye innspel som blir føreslått tatt in inn planen.
- Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) - ei analyse av risiko og sårbarheitene til nye innspel som blir føreslått tatt in inn planen.
- Arealrekneskap – oversikt over kommunens sitt areal som syner faktisk arealbruk og planlagt arealbruk
- Oversikt og vurdering av alle innspel – skriftleg vurdering av alle innspel. Oversikten er sortert pr bygd. Dersom innspelet har grøn farge er det føreslått tatt inn planen, dersom innspelt har raud farge er ikkje tatt inn planen og dersom innspelet har gul farge har det blitt tatt inn planforslaget i den politiske behandlinga i formannskapet den 10.12.2024
- Saksframlegg og vedtak frå førstegangsbehandling i formannskapet den 10.12.2024
Sei di meining om framtidig arealbruk i kommunen innan høyringsfristen den 22.04.2025.