Saman for sterkare framtid!
Ny samarbeidsavtale er inngått mellom Vindafjord Kommune og NAV Vindafjord-Etne/NAV Marked Nord-Rogaland.
Frå venstre: Elisabeth Lie Nilsen, leder NAV Marked Nord-Rogaland, Kristin Tofte, einingsleiar NAV Vindafjord-Etne og Yngve Folven Bergesen, kommunedirektør Vindafjord kommune.
Ingebjørg Rullestad Gjerde
Me er glade for å kunngjere at Vindafjord Kommune har inngått ein ny samarbeidsavtale med NAV Vindafjord-Etne og NAV Marked Nord-Rogaland. Denne avtalen er eit viktig steg mot å bekjempe utanforskap og møte den aukande mangelen på arbeidskraft som påverkar vår kommune.
Formål med samarbeidet
Avtalen har som mål å formidle alle typar arbeidssøkjarar til ledige stillingar i Vindafjord Kommune. Dette inkluderer arbeidssøkjarar med nedsett arbeidsevne og flyktningar registrert hos NAV. Målet er å dekke kommunens behov for arbeidskraft og hjelpe fleire arbeidssøkjarar inn i lønna arbeid. Samarbeidet vil også leggje grunnlaget for tettare samarbeid om arbeidstrening og kvalifisering av arbeidssøkjarar ved behov.
Unntak frå kvalifikasjonsprinsippet
Kommunesektoren kan no gjere dei same unntaka frå kvalifikasjonsprinsippet som staten, ved å tilsetje personar utan utlysing som står utanfor arbeid, utdanning og opplæring, samt personar med nedsett funksjonsevne. Desse tilsetjingane kan vere mellombelse i inntil to år med lønnstilskot, under visse vilkår.
Innhaldet i samarbeidet
• Vindafjord Kommune vil ta eit større samfunnsansvar og ha samarbeidsprosjekt med NAV som omhandlar tiltak, inkludering og rekruttering.
• Kommunen melder sitt behov for arbeidskraft til NAV og skildrar kompetansebehovet.
• NAV avklarer kandidatar opp mot kompetansebehovet og presenterer desse for kommunen.
• Kommunen intervjuar og avgjer kva kandidatar det kan vere aktuelt å gå vidare med.
• NAV Marked kan arrangere jobbmesser for kommunen når det er hensiktsmessig.
• Ledige stillingar i kommunen vert overført elektronisk til Arbeidsplassen.no (NAV.no).
• NAV Marked kan bistå med å oppfordre aktuelle arbeidssøkjarar til å søkje på utlyste stillingar hos kommunen.
Kontaktpersonar
Det vert oppretta faste kontaktpersonar hos Vindafjord Kommune, NAV Vindafjord-Etne og NAV Marked Nord-Rogaland for å sikre god gjennomføring og oppfølging av avtalen.
Kake for anledningen
Ingebjørg Rullestad Gjerde
Sist endra 25.04.2025 11.10