Saman for god integrering og inkludering av flyktningar

Vindafjord kommune har i løpet av dei tre siste åra busett over 200 flyktningar. Me ynskjer å lukkast med integreringa, og frir no til deg som har litt ledig tid.

@ua_Bob_Dmyt_ua

Ynskjer du å bidra til integrering og inkludering av nybusette flyktningar i kommunen?

Vindafjord kommune har i løpet av dei tre siste åra busett over 200 flyktningar. Flyktningane kjem frå ulike land, men eit fleirtal er komne frå Ukraina. For å gi flyktningane ein god start i kommunen og for å lukkast med integrering og inkludering er det behov for hjelp frå lokalsamfunnet. Har du litt tid til overs som og har lyst til å bli kjend med våre nye sambygdingar? Meld deg som frivillig!

For tida er det ekstra behov for frivillige som kan vera:

Velkomstvenn

Ein velkomstvenn er eit medmenneske, nokon å støtta seg på i ein etableringsfase og ein vegvisar inn i lokalsamfunnet. Velkomstvenner blir kjent med ein annan kultur, samstundes som ein bidreg til at nyankomne flyktningar får kjennskap til det norske språket, kulturen og samfunnet. Den frivillige velkomstvennen og flyktningen finn på ting saman som begge partar trivst med. Ein kan ha eit fast tidspunkt kvar 14. dag eller meir sporadisk.

 

Bonusfamilie

Tilsvarande velkomstvenn, men her er det ei større kopling av barnefamiliar med andre familiar, par eller einskildpersonar. For eksempel kan det vera barnefamiliar som ynskjer seg ei «bonusbestemor» som dei kan invitera på søndagsmiddag eller som dei kan spørje om barnevakt. Ordninga er svært fleksibel. Krav om politiattest.

 

Køyrehjelp

Det er mange flyktningar som har utfordringar med å komma seg til ulike avtalar og aktivitetar. Det kan skuldast manglande kollektivtransport eller ulike helseproblem. Det er ynskjeleg med køyrehjelp til både faste og sporadiske avtalar, samt følgjeperson til å finne fram på sjukehus og liknande.

 

Ta kontakt med Vindafjord frivilligsentral dersom du kan tenka deg eit av desse oppdraga.

Nelly Beate Vestbø: Nelly.Beate.Vestbo@vindafjord.kommune.no48 18 40 78

 

Praksisplass

I tillegg er det eit stort behov for praksisplassar for deltakarar i introduksjonsprogrammet. Praksisplassar er som oftast i bedrifter, men det er og mogleg å ha praksis i ein organisasjon. Deltakarar i praksis mottek løn gjennom introduksjonsprogrammet, og skal «gå på toppen» på arbeidsplassen for å praktisera norsk og for å få kjennskap til det norske arbeidslivet.

 

Ta kontakt med integreringstenesta ved NAV Vindafjord-Etne dersom du kan tilby praksisplass.

Ashraf Sabbagh: ashraf.fawaz.sabbagh@nav.no / 41 28 85 90