Ringedugnad for TV-aksjonen

Tirsdag 15. oktober var det ringedugnad for TV-aksjonen på rådhuset. Innsamla beløp går i år til Barnekreftforeningen.

Hovudkoordinator Mona Haraldseid, koordinator Marianne Bauge og Arild Austrheim Anne Mette Klungland

Det er til no registrert kr. 281.000,- frå bedrifter i Vindafjord kommune. Det er forventa at beløpet vil stiga dei komande dagane.

På ringedugnaden deltok folkevalde, representantar frå Medvind24 og tilsette på avdeling Kommunikasjon og service i Vindafjord kommune. Det er Mona Haraldseid som er hovudkoordinator for innsamlinga dette året.

Ordførar Ole Johan Vierdal, Anne Mette Klungland, Morten Helland, hovudkoordinator Mona Haraldseid og koordinatorMarianne Bauge Anne Mette Klungland

Årets TV-aksjon går til Barnekreftforeningen, som skal etablera familiehus nær sjukehus i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Her kan familiar med alvorleg sjuke barn skapa gode stunder i ei vond tid.

Annankvar dag får et barn i Norge kreft, og kvar veke blir 10 barn født med hjertefeil. Når eit barn blir sjukt, blir heile familien ramma. Søndag 20. oktober går vi saman for små heltar.

Vindafjord kommune er sett til å organisera og gjennomføra årets TV-aksjon. Me oppmodar difor alle til å ta vel i mot bøsseberarane søndag 20. oktober.

Med på ringedugnad Nina Karin Ramsfjell og Øyvind Valen, bak sit Morten Helland og Gustav L. Fosse Anne Mette Klungland

Dette går TV-aksjon innsamlinga til i 2024

 

NRK TV-aksjonen