Redusert drift hos NAV Vindafjord–Etne

Frå og med fredag 29. mai vil NAV Vindafjord-Etne ha noko redusert tenestetilbod grunna at nettet på Rådhuset vert tatt ned i samband med førebuingar til flytting.

nav

NAV er i prosess med å flytte til nye lokale tvers over Sjøperlo.

NAV har vanleg opningstid fram til dei flyttar, men merk:

  • Publikumspc og skrivar vil vera utilgjengelege
  • Enkelte digitale tenester kan bli påverka
     

Me beklagar ulempene dette kan medføre, og takkar for tolmodet.