Rapporten om Vindafjordhallen er klar

Kostnadane til dei ulike alternativa varierer frå vel 64 til 201 millionar kroner. Du kan nå lesa heile rapporten.

Gamle Vindafjordhallen, som vart reist i 1993, brann ned i juli 2019.

Det er firmaet HR-Prosjekt som har utarbeida mogelegheitsstudien, og alle vindafjordingar vart inviterte til å komma med ønskjer, tankar og innspel i løpet av prosessen.

Politisk debatt og saksbehandling blir det ikkje før til hausten. Rapporten er offentleg, og du kan lesa den her:

Vindafjordhallen, mogelegheitstudie (PDF, 2 MB)

Formannskapet fekk presentert rapporten under det ekstraordinære formannskapsmøtet 22. juni.

Det kan du sjå på KommuneTV. Rapporten var oppe under orienteringssaker.