Plan- og bygningslova i praksis

Treng du å veta meir om plan- og bygningslova? Då kan dette kurset ved Sauda vidaregåande skule vera noko for deg.

Barn bygger tårn med store legoklossar. - Klikk for stort bilete Esi Grünhagen, Pixabay

Kurset er ein overordna og grunnleggande gjennomgang av plan- og bygningslovgivinga, og blir halde som dagskurs i september/oktober. Kursinstruktør er Reidar Sverdrup, Kluge Advokatfirma AS.

– Me har allereie interesserte deltakarar frå Vindafjord, Sauda, Suldal og Hjelmeland kommunar. Dette kurset er nyttig for mange andre enn kommunalt tilsette, til dømes byggebransje og entreprenørar, seier Kristin Bruknapp.

Ho er kontaktperson, og har du spørmål om kurset, når du henne på mobil 95 12 48 99 eller e-post Kristin.bruknapp@skole.rogfk.no.

Målgruppa er alle som jobbar med plan- og bygningslovgivinga i ulike rollar og funksjonar

  • ansvarleg prosjekterande
  • ansvarleg søkar
  • ansvarleg kontrollerande
  • ansvarleg utførande
  • handsamarar av plansaker
  • offentlege sakshandsamarar

Kurset går mellom anna inn på føremål, oppbygging, regelverk, plansystemet, ansvarssystemet, kommunen si rolle, oppgåver og roller for søkar og tilsyn.