Ordføraren si nyttårsmottaking 2025
Ordføraren inviterar til nyttårsmottaking på Ølen kulturhus på Sjøperlo søndag 5. januar kl. 17.00. Det vil bli eit flott og underhaldande program med blant anna konsert med Torbjørn Økland m/gjester. Arrangementet er gratis og for heile familien.
Dette året vil sofaprat med våre lokale Stortingspolitikarar Terje Halleland (FRP), Tove Elise Madland (AP) og Lisa Marie Ness Klungland (SP) erstatte hovudtalaren.
Stortingspolitikarar og tidlegare varaordførar i Vindafjord kommune Tove Elise Madland (AP) kjem og deltek i sofapraten med ordførar Ole Johan Vierdal.
Haakon Nordvik
Stortingsrepresentant Lisa Marie Ness Klungland (SP) kjem også til sofapraten med ordføraren
Rogaland SP
I tillegg vil det som vanleg bli delt ut prisar og markering av NM vinnarar. Henning Aarekol kjem og underheld, i tillegg får me flotte innslag frå elevar på kulturskulen.
Henning Aarekol
Kai Trulsen
Det vert servert kake og kaffe i pausen.
Som ei kjekk avslutning på nyttårsmottakinga vil Torbjørn Økland m/gjester ha ein flott konsert.
Torbjørn Økland
Gunn Gravdal Elton
Gjester:
- Jan Toft
- Gjertrud Økland
- Halvor Lillesund
- Rudolf Fredly
- Vegard Fossum
- Kjetil Ulland (lyd)
Ordførar Ole Johan Vierdal inviterar, tradisjonen tru, til nyttårsmottaking søndag 5. januar 2025.
Jan Nordtveit
Arrangementet er gratis og for heile familien.
Sist endra 20.11.2024 13.41