Oppstartsmøte tilsyn barnevernet
Etne og Vindafjord barnevern skal ha tilsyn med oppfølging av oppfølging av barn i fosterheim i haust og denne veka var statsforvaltaren på besøk i Ølen og hadde oppstartsmøte for tilsynet.
Statsforvaltaren hadde i dag oppstartsmøte med barnevernet i samband med tilsyn.
Nils Erik Eide
Sjølve tilsynet skjer i perioden 19. - 29. september, her skal statsforvaltaren gå gjennom saksmapper, intervjua tilsette og fosterbarn - og foreldre. Det heile vert avslutta med eit oppsummeringsmøte den 29. september.
Tysdag denne veka var statsforvaltaren på besøk og hadde oppstartsmøte for sentrale medarbeidarar i barnevernet og kommunalsjef for oppvekst. Statsforvaltaren var representert ved tilsynsleiar Trine Hove Bjørnsen, revisor Brit Espeland Nedreaas og revisor Guro Bakke Haga.
Sist gong Etne/Vindafjord hadde tilsyn med oppfølging av oppfølging av barn i fosterheim var i 2014, og tilsynsførar Bjørnsen sa at grunnen til at Vindafjord blei plukka ut til å få dette tilsynet var nettopp at det var gått nesten 10 år sidan sist.
Føremålet med tilsynet er å bidra til å styrkja sikkerheit og kvalitet i tenestene, og å bidra til rettssikkerheit og tillit. Barnevernet og tilsynet har felles mål om å bidra til trygge og gode tenester til barn og familier.
I forkant av dette oppstartsmøtet så har einingsleiar Turid Askeland og hennar fagleiarar og tilsette jobba med å sende inn dokumentasjon til statsforvaltaren.
Kva skjer så vidare etter oppstartsmøtet?
- 11.09.23: Telefonintervju med fosterbarn og fosterforeldre
- 19.09 t.o.m 21.09.23: Arbeid i kommunen med gjennomgang av saksmapper og intervjuer med utvalde tilsette
- 29.09.23: Oppsummerande møte
Les også: Førebur tilsyn
Sist endra 24.08.2023 08.27