Opningstider og kontaktinformasjon sommaren 2024

Me ønsker alle vindafjordingar ein god sommar! Treng du oss, finn du opningstider og kontaktinformasjon her.

Stille kveld i Sandeid småbåthamn. Hildbjørg Fludal

Rådhuset

Servicetorget og sentralbordet til kommunen har redusert opningstid i juli. Opningstida er frå klokka 10.00 – 14.00.

Kontaktinformasjon Vindafjord kommune

Legevakt

Nummeret til legevakta er 116 117, og telefonen er betent heile døgnet av Haugesund legevaktsentral

Står det om liv og helse, ring 113.

Legekontor

Vikedal legekontor er sommarstengt i perioden 08.07.24 - 04.08.24. For dei som har fastlege ved Vikedal legekontor er ein av legane frå Vikedal legekontor tilstades ved Ølen legekontor for pasientbehandling. Dette gjeld heile perioden når det er sommarstengt ved kontoret i Vikedal. 

Kontakt og oppfølging knytt til Vikedal legekontor vil såleis bli drifta frå Ølen legekontor, Eiabakken 7, 5580 Ølen (Vindafjord beredskapsenter) i denne perioden.

Sjekk nettsida til ditt fastlegekontor for nærare informasjon:

Ølen legekontor

Vikedal legekontor

Vindafjord legesenter

Barneverntenesta

Tenesta er open alle kvardagar mellom 08.00 - 15.30. Kontakt i opningstida er mottakstelefon 90 24 63 59.

Utanom opningstida blir akuttfunksjonen handtert av barnevernvakta på telefonnummer 90 17 05 91, som har ope kvardagar mellom 15.30 - 08.00, og heile døgnet i helger og på helligdagar.

Brannvesen

Haugaland brann og redning IKTS mobil 91 91 01 11

Nødnummer: 110

Vatn og avløp

Ved større feil og overfløyming, ring vakttelefon 48 09 92 53.

Vaksinekontoret

Vaksinekontoret er stengt onsdag 3. juli. Elles er det ope tysdagar, onsdagar og torsdagar heile sommaren.

Frå 24. juni til 9. august held vaksinekontoret til på helsestasjonen på rådhuset. 

Har du spørsmål, ta kontakt på vaksinekontor@vindafjord.kommue.no, eller ring vaksinetelefonen 91 30 38 42.

Helsestasjonen

Helsestasjonen har vanleg opningstid i sommar, med begrensa bemanning nokon dagar. 

Helsestasjon for ungdom held stengt dei tre første vekene i juli. Elles er det ope tysdagar klokka 14.30 - 17.00. 

Jordmor har ferie veke 27, 28 og 29.

Telefonnummer helsestasjonen: 53 65 55 60

Meir informasjon om helsestasjonen

NAV Vindafjord-Etne

Resepsjonen på Rådhuset i Ølen har normale opningstider, klokka 12.00 - 14.00. 

Telefonnummer NAV:  55 55 33 33.