Open dag på Arkeologisk museum sitt utgravingsfelt i Ølen

Arkeologisk museum har for tida ei utgraving ved Ølen stadion. Onsdag 8. september inviterer dei til open dag. Då kan interesserte få høyra om kva arkeologane finn og få sjå spora etter aktiviteten som var her i forhistorien.

Arkeologane har funne restar etter omfattande aktivitet i form av fleire overlappande kulturlag med spor etter bygningar, stolpar og kokegroper.

Open dag pågår mellom klokka 16.00 og 18.00. Det er formidlarar på plass som kan fortelja mer om livet i jernalderen og demonstrera litt av utstyret som blei brukt til å laga eld og spinna tråd for 1500 år sidan.

Arrangementet er gratis.

Husk å halda meteren, vask hendene og hald deg heime om du er sjuk.

Her er lenke til eit Facebook-arrangement:
https://www.facebook.com/events/4327232507370243

Og her er ein liten film fra staden:
https://www.youtube.com/watch?v=kexUKeWDu_A​​​​​​​

Og en kort tekst på norark.no
​​​​​​​Eidet Aust, Ølen - Norark - Norsk arkeologi : Norark – Norsk arkeologi