Omsorgs og inkluderingprisen / kulturstipend 2024

Vindafjord kommune ynskjer innspel/framlegg på kandidatar som bur i Vindafjord til pris/stipend for 2024. 

Myléne, Pixabay

Omsorgs- og inkluderingspris
Prisen kan gjevast til einskildpersonar, lag eller organisasjonar, og i særleg høve bedrifter, som på ein positiv måte har bidrege gjennom frivillig arbeid til å gje medmenneske respekt, eit meiningsfult og verdig liv. Dette kan vera gjennom arbeid og aktivitet for einskildmenneske eller grupper. Arbeid og aktivitet med tanke på å inkludera utsette grupper og einskildpersonar vil også bli vektlagt.

Kulturstipend – ungdomane må sjølve søkje
Stipendet kan søkjast av ungdom, i alder 13 – 25 år, som bur i, eller på anna vis er knytt til Vindafjord. Stipendmidlane skal nyttast til å gjennomføra særskilde kulturoppgåver, utdanning, trening eller perfeksjonering for aktiv kulturinnsats.

Framlegga må sendast skriftleg og vere grunngjevne – frist til 01.06.2024
Lenke til informasjon om pris/stipend 

Vindafjord kommune Vindafjord kommune