Nytt samlokalisert Vindafjord omsorgssenter

Kor skal nytt Vindafjord omsorgssenter liggje? I juni 2026 skal kommunen velje tomt for nytt samlokalisert omsorgsenter. I denne artikkelen får du meir informasjon og kan lese heile saka.

Kvifor må kommunen gjere noko? 

Vindafjord kommune må planlegge for framtida. Dei viktigaste utfordringane er at det blir fleire eldre i åra som kjem, det er for få helsearbeidarar (spesielt sjukepleiarar), det kostar mykje pengar å drive dagens system og deler av dagens bygg er gamle og slitne.

Til dømes viser prognosar at talet på personar over 80 år kan auke med over 60 % innan 2040. Kommunen treng fleire plassar, men har ikkje nok folk til å jobbe der. Difor må kommunen finne smartare løysingar.

Kva vil kommunen gjere?

Planen er å lage eit nytt omsorgssenter der mange tenester blir samla på ein plass, slik at tenester med heildøgns omsorg blir samlokalisert på ein plass. 

Tanken er å samle fleire tenester i eitt bygg, gjere det lettare å jobbe for dei tilsette, spare pengar og gi betre hjelp til brukarane. 

Kommunen har førebels (i denne økonomiplanen) sett av omtrent 280 millionar kroner til investeringa. Mesteparten av pengane skal brukast frå ca 2029 når bygginga startar opp.

Korleis ser framtida ut?

Kommunen må planlegge slik at færre bur på institusjon, fleire får hjelp heime og fleire bur i tilpassa bustader.

I dag har kommunen ganske mange sjukeheimsplassar (16 %), men i framtida må dette ned til 10–12 % for å vere berekraftig. 

Det betyr at fleire eldre må klare seg sjølv eller med hjelp heime. Institusjon skal berre brukast når det verkeleg trengst.

Kva meiner rådgjevarane? 

Det er gjennomført mange analysar for å sjå kva som er lurt å gjere. 

Agenda Kaupang har levert fleire rapportar og dei viser at eit stort senter er betre enn fleire små. 

Det gir betre fagmiljø, lågare kostnadar og betre kvalitet. 

Undersøkingane viser også at nytt senter i Ølen kan spare kommunen for ca. 14 millionar kroner kvart år i forhold til dagens drift.

Miljø og berekraft

Kommunen må tenkje på klima og natur. Alle løysingane gir ganske like klimautslepp, men nye bygg brukar meir material og gamle bygg brukar meir energi.

Kva meiner folk? 

Kommunen har spurt tilsette, innbyggjarar og ungdomsråd. Over 700 personar har svart. Mange meiner Ølen er best fordi det er lettare å kome seg dit, det er nær legesenter og andre tenester og det er ein meir attraktiv arbeidsplass.

Kva meinte ungdomsrådet i møte i mars ?

Det er viktig å fordele oppgåver smart. Alle treng kanskje ikkje full helseutdanning for å bidra. Nærleik til Ølen vidaregåande er viktig for deltidsjobb, praksis eller læreplass. 

Det er viktig at det nye senteret får nok rom og kapasitet og at det er ein god plan for bygg som ikkje skal brukast. Det må takast omsyn til landbruket når ein vel plassering. 

Kor skal heimetenesta ha base? Det er behov for meir enn éin base. Det er ein fordel om senteret ligg nær legevakt. Det er veldig viktig med gode uteområde. Gjerne turstiar som kan brukast av alle – også med rullestol. 

Kva blir tilrådd i saka?

Det blir tilrådd å byggje eit nytt omsorgssenter i Ølen aust for beredskapshuset (Alternativ 3). Grunnane er at det er best for pasientane, best for dei tilsette, enklare å rekruttere folk, truleg billigast over tid og best tilpassa framtida.

Ei mogeleg løysing for nytt omsorgssenter i Ølen

Saka skal opp i Utval for oppvekst og omsorg og Utval for drift utval og kultur 01. juni, Rådet for eldre og for personar med funksjonsnedsetting og Integreringsrådet 4. juni, Formannskapet 9. juni, ungdomsrådet 11. juni og behandlast endeleg i kommunestyret 16. juni.