Nye tømmeruter frå 1. januar 2022

HIM startar med nye tømmeruter på nyåret. Fleire kundar vil få ny tømmedag. 

manfredrichter for Pixabay

Fleire kundar får endra tømmedag når dei nye rutene startar frå og med 1. januar 2022. Du finn dei nye tømmerutene på HIM sine nettsider og i appen HIM Tømmekalender. HIM oppfordrar alle kundar til å setta seg inn i dei nye tømmerutene allereie nå. Du kan lesa meir om overgangen her

Overgang mellom gamle og nye ruter

I overgangen mellom gamle og nye ruter vil nokre kundar få lengre tid mellom to tømmingar. Dersom det gjeld deg, kan du setta ut ein ekstra sekk med restavfall, og ei eske eller ein papirpose med papir på din første tømmedag i januar.

Bruk ein gjennomsiktig plastsekk til restavfallet. HIM tar ikkje lenger imot avfall som blir levert i svarte plastsekkar. 

Hjelp renovatøren å gjera jobben sin

Ved å plassera søppeldunkane dine med handtaket ut mot vegen på tømmedagen, lettar du arbeidskvardagen til dei som hentar søppelet.

Dersom det ligg snø eller frys på, skal du måka og strø fram til dunken. HIM ber også om at det blir fjerna snø på lokket, slik at renovatøren ser kva slag dunk det er. 

Henting av juletre

Når du har rydda ut jula, kan du setta juletreet ved avfallsbehaldarane dine i veke 2, 3, og 4.

Juletrea blir henta utanom faste ruter. Derfor er det viktig at treet blir sett ut frå og med veke 2, og at det får stå til det blir henta, seinast i veke 4.