Ny pårørandeskule til hausten

Det var godt oppmøte då pårørandeskulen blei arrangert for første gong i fjor. Til hausten blir det arrangert nytt kurs for deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom. 

Bilete av to som held rundt kvarandre - Klikk for stort bilete StockSnap@Pixabay

Kva er pårørandeskulen?

Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær venn med demenssjukdom. Personen med demens kan bu i eigen heim eller på institusjon. Ved faglege forelesingar, plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om demens og innsikt i kva følgjer sjukdommen kan ha for personen med demens, deg som pårørande og øvrige familie. Du treff andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.

Kva inneheld kurset?

Kurset er lagt opp over 4 samlingar med følgjande tema:

•    Om demens og utredning
•    Kommunikasjon med personar med demens
•    Pårørande sine opplevingar, eigenomsorg og ventesorg
•    Tenestetilbod i kommunane og velferdsteknologi 
•    Enkel innføring i framtidsfullmakt

Pårørandeskulen sitt mål:

•    Gje pårørande auka kunnskap om demenssjukdommar

•    Gje pårørande metodar for kommunikasjon og samhandling med personar med demens

•    Bidra til at pårørande får betre kjennskap til korleis ein får kontakt med hjelpeapparatet

•    Tilby støtte gjennom å møta andre pårørande som er i same situasjon

På pårørandeskulen vektlegg me tryggleik, og fortrulege opplysingar som kjem fram skal verta verande hjå deltakarane. 
Ta kontakt dersom du har behov for avlasting for å kunne delta på kurset. Me vil forsøka å vera hjelpsame med det.

Samlingar hausten 2024

Stad: Etne (stad er avhengig av antal påmelde)

Tid: 18.00 - 21.00 

Datoar:

  • 23. oktober
  • 30. oktober
  • 6. november
  • 13. november


Kursavgift: 300 kroner per deltakar (inkluderer kursmateriell og enkel servering)

Påmelding

Påmelding: 05.08.24 - 06.09.24 

For påmelding eller fleire opplysningar, kontakt Solveig Kvamme.
E-post: frivillig.etne@gmail.com
Telefon: 902 38 354

Merk deg at kurset har begrensa antal plassar. 

Arrangørar

Kurset blir arrangert av Vindafjord og Etne kommune, og Etne- og Vindafjord frivilligsentral.

Artikkel om pårørandeskulen frå 2023