Ny fastlege tilsett ved Vindafjord legesenter

Johanna Bakkevig Bjordal er tilsett som fastlege ved Vindafjord legesenter frå 01.03.25.

Johanna Bakkevig Bjordal er opprinnleg frå Vindafjord, men har vore busett på Nedstrand sidan ho var 8 år.
Ho har tatt medisinstudie på Univerity of Pècs i Ungarn og held nå på å fullføre lege i spesialisering del 1. Ho vil vera klar for oppstart hos oss 01.03.25.


Ho overtar heimelen til Svetlana Opheim og me ynskjer ho velkommen til Vindafjord kommune.