No blir forslag til skulerute for 2027/2028 lagt ut på høyring

I følgje ny opplæringslov er skuleruta ei lokal forskrift som skal vedtas av kommunestyret. No blir forslag til skulerute for skuleåret 2027/2028 lagt ut på høyring.

Kommunane i Nord-Rogaland samarbeider om skuleruta. Me har eit felles bu- og arbeidsmarknad og har eit fagleg samarbeid i regionen. Det er derfor eit mål at kommunane har felles skulerute. 

Ny opplæringslov tredde i kraft 1. august 2024. Etter den nye lova § 14 -1 andre ledd vert det stilt krav om at kommunen gir forskrift om skule- og feriedagar for elevane (skulerute).

Barn på vei til undervisning - Klikk for stort bilete Pexels

Forskrift om skulerute 2027-2028 for grunnskulen i Vindafjord kommune

Fastsett av Vindafjord kommunestyre 16.juni 2026 med heimel i lov 9. juni 2023 nr. 30 om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 14-1 andre ledd.


§ 1 Formål

Forskrifta gir informasjon om kva skule- og feriedagar elevane har skuleåret 2027-2028. Elevane har rett og plikt til å møte på de fastsette skuledagane.

§ 2 Verkeområde 

Forskrifta gjeld for elevar ved alle kommunale grunnskular i Vindafjord kommune i skuleåret 2027–2028.

§ 3 Felles datoar

Det er bestemt i opplæringslova at opplæringa skal strekkje seg over minst 38 skuleveker innanfor ei ramme på 45 samanhengande veker.

Datoar for oppstart og avslutning av skuleåret, samt haustferie veke 41, planleggingsdagar, juleferie, vinterferie veke 9 og påskeferie er felles for alle skular.

Elevane skal ha minimum 190 skuledagar.

§ 4 Lokale variasjonar

Skulane kan gjere unntak frå § 2 om skule- og feriedagar i særlege tilfelle, til dømes grunna eksamensavvikling.

 

§ 11 Iverksetjing og opphøyr
Forskrifta gjeld frå 01.08.27 til og med 31.07.2028.                      

Send høyringssvar:

E-post: anita.jorstad.grindheim@vindafjord.kommune.no

Post: Vindafjord kommune v/Anita Jørstad Grindheim, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Frist: 02.06.2026

PDF versjon av Forskrift om skuleruta 2027-2028 (PDF, 183 kB)

PDF versjon av skuleruta 2027-2028 (PDF, 109 kB)