Neste russetesting er 18. mai

Russen tok utfordringa, og det var god stemning i testteltet 11. mai. Tysdag 18. mai er det ny knuteutfordring og hurtigtest for russen. Teststasjonen i Ølen er stengt 17. maihelga.

Full smittevernutstyr ved teststasjonen i Ølen. - Klikk for stort bileteFredag 14. mai var det svært travelt i testteltet. Mange ville testa seg før langhelga. Ellen Marie Hagevik

Hurtigtesten for russen er eit  førebyggande tiltak. Slagordet «Er du russ og skal på fest, kom til oss og ta ein test!» gjeld framleis sjølv om 17. maihelga er over.

  • Ta hurtigtest
  • Gi oss russekort som bevis
  • Få testpinne til russeknute

Tidspunkt og timebestilling

Tysdag 18. mai klokka 13.00 - 15.00

Klikk deg inn på timebestilling i dag!

Me ønskjer russen ei fortsatt strålande og minnerik russefeiring!

Her finn du russeråd frå FHI