Nasjonal pårørandekonferanse 2023

Årets nasjonale pårørandekonferanse vart arrangert 20. september, og hadde tema "Pårørande – på liv og død". Tilsette frå einingane heimebaserte tenester, rus og psykiatri, tilrettelagte tenester og tenestekontoret, deltok på konferansen.

Tilsette på konferanse på møterom - Klikk for stort bilete

Pårørandekonferansen rettar seg mot pårørande og fagpersonar i ulike yrkesgrupper. Det vert gjort mykje godt arbeid ute i einingane, men me veit at me alltid kan bli betre. 

Konferansen vart leia av kyndige fagpersonar, og personlege historiar tok oss inn i ein svært aktuell tematikk. Nokon som har stått lenge i ein vanskeleg situasjon kan kjenna på ein følelse av lettelse, samstundes med sorg. Andre mistar nokon plutseleg og står ribba tilbake.

Nettlenke til Pårørandekonferansen