SYSVAK sine tal for veke 39 er i skrivande stund ikkje heilt oppdaterte. Tabellen vil bli korrigert etter kvart, men det som er sikkert er at ein nå nærmar seg 5.600 fullvaksinerte vindafjordingar.
– Denne veka har me vore rundt på skulane og vaksinert dei siste i aldersgruppa 12-15 år. Dei som fyller 12 år i etterkant skal ta kontakt med vaksinekontoret for time. Me planlegg nå for dose 2 til 16- og 17-åringane med12 vekers intervall, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern.
Massevaksineringa på Ølen kulturhus blei avslutta førre veke. Nå blir det i hovudsak vaksinering på koronakontoret i Ølen (den gamle legevakta).
Framleis mogeleg å få både dose 1 og 2
Folkehelseinstituttet (FHI) annonserte denne veka at befolkninga sjølv kan velja kva vaksinetype dei vil ha. Dette baserer dei på auka tilgang av vaksiner, og ei forståing av at det er fleire som vegrar seg for å kombinera vaksinetypar.
– Dei som eventuelt har takka nei til dose 2, kan derfor nå ta kontakt med vaksinekontoret for ny time om det er aktuelt. Det er dessutan framleis rom for å få dose 1 for dei som ønskjer det, seier Økland.
Du kan kontakta vaksinekontoret på
e-post vaksinekontor@vindafjord.kommune.no
eller vaksinetelefonen 91 30 38 42 mellom 09.00 - 12.00 kvardagar.
Befolkninga kan nå velja type koronavaksine (FHI)