Nå kan du stemma ettermiddag og kveld

Fram til helga før valdagen 13. september kan du også førehandsstemma på ettermiddag og tidleg kveld.


Valurne med stemmeavlukke i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete Kommunal- og moderniseringsdepartementet

 

Førehandsstemminga opnar alle kvardagar klokka 09.00. Stemmelokalet er i foajeen i kultur- og læringssenteret ved Sjøperlo i Ølen sentrum. Lokalet ligg mellom biblioteket og Ølen kulturhus.

Dagar med langope 09.00 - 18.00

Frå 30. august til og med 10. september er det det langope desse dagane:

  • Måndag 30. august
  • Tysdag 31. august
  • Torsdag 2. september
  • Måndag 6. september
  • Tysdag 7. september
  • Torsdag 9. september
  • Fredag 10. september

Dagar med ope 09.00 - 15.00

  • Onsdag 1. september
  • Fredag 3. september
  • Onsdag 8. september

Husk legitimasjon

Du må ha godkjent legitimasjon, som førarkort, bankkort med bilete eller pass, for å få stemma. Valkort aleine er ikkje nok.

Me oppfordrar flest mogleg til å førehandsstemma ved årets val for å avgrensa smitterisiko på grunn av koronapandemien. Me vil sørga for godt smittevern i førehandsstemmelokalet. Alle veljarar skal føla det trygt å gi si stemme.

Ingen sjuke må møta opp i stemmelokalet, men heller ta kontakt med servicetorget på rådhuset for tilrettelagt stemmegiving.

Alt om Val 2021 i Vindafjord