Nå får dei fleste digitalt valkort

Fram til førehandsrøystinga startar 10. august, sender Valgdirektoratet ut 3,5 millionar digitale valkort til alle som har stemmerett.

Det har vore mogeleg å tidlegstemma på rådhuset i Ølen nokre veker, og du kan tidlegstemma til og med 9. august. Frå tysdag 10. august til og med fredag 10. september, blir det førehandsstemming på Sjøperlo i Ølen. 

Meir informasjon om valet i Vindafjord finn du her. Sjølve valdagen er måndag 13. september.

Alle som får valkortet digitalt, blir varsla om dette på SMS. Når du har fått denne SMS-en, er valkortet ditt tilgjengeleg i den digitale postkassa di. Valkortet er først og fremst ei stadfesting på at du har stemmerett, men du finn også nyttig informasjon som er det lurt å lesa. 

Husk å ta med godtkjent legitimasjon

Digitale valkort kan brukast direkte på mobiltelefonen, og treng ikkje printast ut. Det er heller ikkje nødvendig å visa valkortet når du skal røysta, men det gjer det enklare og raskare å stemma. 

Valkortet gjeld ikkje som godkjent identifikasjon, så du må ha med deg legitimasjon med fullt namn, bilete og fødselsdato for å få stemma. 

Du kan stemma i heile landet fram til 10. september. På valdagen må du stemma i kommunen der du er folkeregistrert.

Meir om valkort på Valgdirektoratet

Desse får valkort på papir

Det blir sendt ut om lag 300.000 valkort på papir.

Dei som får valkort på papir er personar som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen i registeret dei siste 18 månadane.