Nå er valkortet på veg til deg

I desse dagar sender Valgdirektoratet ut valkort til alle med stemmerett. Alle skal ha fått sitt valkort før førehandsrøystinga startar 10. august.

Valgdirektoratet

Dei fleste kjem til å få valkortet i sin digitale postkasse. Alle som mottar valkortet digitalt får tilsendt ei varsling om dette på SMS.

Når du har fått denne SMS-en er valkortet ditt tilgjengeleg i din digitale postkasse, enten du brukar DigipostE-boks eller Altinn. Då kan du logge inn, åpne valkortet, og få nyttig informasjon om kor, når og korleis du røyster.

Nokon får valkortet tilsendt på papir. Dette gjeld personar som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller bekrefta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månadane.

Nyttig informasjon

Å få valkortet er først og fremst ei bekrefting på at du har stemmerett ved valet. På valkortet står det og kva kommune du har stemmerett i og anna nyttig informasjon du kan trenge før du røyster.

Det er ikkje naudsynt å vise fram valkortet når du røyster, men røystegjevinga går litt raskare. Husk å ta med  legitimasjon med fullt navn, fødselsdato og bilde. Husk at valkortet ikkje gjeld som legitimasjon.

Du kan forhandsrøyste i alle kommunane i landet. På valdagen, 11.09., må du stemme i den kommunen du har stemmerett i.

Tidspunkt og stadar for førehandsrøysting i Vindafjord kommune:

10.08. til 08.09., mandag til fredag kl. 08.30-15.00, Vindafjord rådhus
Tirsdag 05.09. og torsdag 07.09.  kl. 08.30-20.00, Vindafjord rådhus
Laurdag 02.09. kl. 11.00-14.00, Vindafjord rådhus
Laurdag 02.09. kl. 11.00-14.00, Vikedal bygdahus
Laurdag 02.09. kl. 11.00-14.00, Skjold arena

Les meir om valkortet