Denne veka fekk personar 122 dose 1, og 220 fekk dose 2. Talet på fullvaksinerte vinadfjordingar er dermed kome opp i 2.859.
– Me har framdeles eit mål og ønskje om å vaksinera flest mogeleg tidlegast mogeleg. Det er derfor ikkje for seint om du har ombestemt deg. Me anbefaler alle som har ombestemt seg om å ta kontakt snarast då det er viktig at også desse rekk å få dose 2 innanfor intervall, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern
Årsaka til at ho ber folk om å ta kontakt så raskt som mogeleg, er at tilgangen på vaksiner vil stoppa opp på eit tidspunkt. Om det er aktuelt, ta kontakt vaksinekontoret enten på e-post vaksinekontor@vindafjord.kommmune.no eller på vaksinetelefonen 91 30 38 42.
Framskunding av timar
– Me har auka tilgang på vaksiner framover. Dette medfører at me jobbar med å framskunda timar. Dette er eit stort meirarbeid for vaksinekontoret. Me ber om forståing for at kapasiteten på vaksinetelefonen er redusert, og me anbefaler alle å senda e-post til vaksinekontor@vindafjord.kommune.no ved spørsmål, seier Økland.
Målet er å vaksinera flest mogeleg i kommunen. Samstundes har vaksinekontoret stor forståing for at det blei litt for tidleg melding for enkelte som allereie denne veka fekk ny time. Det er viktig at du melder frå om du ikkje kan møta til time. Husk å oppdatera egenerklæringsskjema. Sjå «Korleis bestiller eg time?» under spørsmål og svar.
Møt opp til dose 2
– Me ser at enkelte kommunar slit med at folk ikkje møter opp til dose 2 av ukjente årsaker. Me veit i dag at dose 2 både reduserer graden av sjukdom og smitteføring. Det er aukande smitte i samfunnet igjen. Noko som gjer vaksinering like aktuelt som før, seier Økland.
Vernet mot alvorleg sjukdom med Delta er høg etter både ein (80 prosent) og to dosar mRNA-vaksine (96 prosent). Vaksinasjon med berre ein dose mRNA-vaksine ser ut til gje litt mindre vern mot mild sjukdom forårsaka av Delta (35-56 prosent) enn av Alfa (55-70 prosent), men vernet er svært godt (88 prosent) etter to dosar.
Dette innebærer at vaksinasjon bidrar sterkt til å hemma spreiing av pandemien. I tillegg til å gjer vern for den enkelte, bidrar all vaksinasjon til å verna de sårbare og til å halda covid-19-pandemien nede i Noreg. Derfor er det viktig at så mange som mogeleg takkar ja til å vaksinera seg, seier Økland.
Selv om ikke alle får full beskyttelse er det viktig at mange vaksinerer seg (FHI)
Studentar og elevar
– Det er ein del studentar og elevar som tar kontakt og ønskjer å få framskunda time på grunn av studieopphald andre stadar i landet. Desse skal ta kontakt på studiestaden for å få vaksine, seier Økland.
Alle kommunar tar høgde for dette i planlegginga og får tildelt ekstra dosar frå FHI basert på talet studentar ved sine institusjonar. På lik linje oppmodar vaksinekontoret studentar og elevar som skal gå på skule i Vindafjord utover hausten til å ta kontakt med vaksinekontoret for dose 2.