Miljøvernpris til sjøauren sine eldsjeler

Sjøørretprosjektet Rogaland har fått fylkeskommunen sin Miljøvernpris 2021. Dette er ein pris til dei mange eldsjelene som har lagt ned utallige dugnadstimar i bekkar og elvar over heile Rogaland for å betra sjøauren sine kår.

Folk vadar i Åmselva for å raka ut gytegrus. - Klikk for stort bileteÅmselva var første gjennomførte tiltak i Vindafjord. Her vadar dugnadsgjengen rundt i elva og rakar ut gytegrus. Privat

Fylkeskommunen si pressemelding

NJFF Rogaland

Eit av dei første prosjekta som blei gjennomført i Vindafjord var eit større grusutlegg i Åmselva. Det blei då reetablert nye gyteområder for sjøaure og laks på 7 ulike lokasjoner, og det blei lagt ut omtrent 150 tonn med gytegrus totalt.

Gravemaskin legg ut grytegrus i Åmselva. - Klikk for stort bileteNår 150 tonn gytegrus skal på plass, er det godt å ha med dyktige gravemaskinførarar. Privat

I etterkant av dette blei det gjennomført ei storstilt karlegging av bekkar og elvar i heile kommunen. Her blei det også foreslått ulike tiltak. 2021 blei oppstart for mange av desse tiltaka, og det har vore eit godt samarbeid mellom Vindafjord Jakt og Fiskelag, grunneigarar, kommunen, fylkeskommunen og andre.

Mange prosjekt i Vindafjord er ferdigstilte, og ein del står på vent.  Eit av de større prosjekta ble gjennomført i Oselva i Ølen. Der blei det både ble lagt ut gytegrus på fleire stadar, men også ny stein i parti av elva der den var kanalisert. Dette for å skapa betre straumtilhøve og skjul for yngel og småfisk.

Rapport for Vindafjord (PDF, 4 MB)

Infobrosjyre (PDF, 2 MB)

Habitatkartlegging og forslag til tiltak for sjøørret i vassdrag i Vindafjord kommune