Inger Olaug Sandvik
Administrerande direktør i Telenor Peter-Børre Furberg, ordførar Ole Johan Vierdal og kommunalsjef for samfunnsutvikling Anne Sofie Sandvik vil vera tilstades på markeringa.
Om prosjektet
I november 2019 inngjekk Vindafjord kommune og Telenor Norge eit samarbeidsprosjekt om utbetring av mobildekning i heile kommunen. Til saman kjem det ni nye master som anten er sett i drift, er under oppføring eller er under planlegging.
Ut frå dekningskart og kjennskap er det funne fram til ni område som vil få god mobildekning ved å sette opp ein ny mast. Ny mast vil til ein viss grad også gi god trådlaust 4G + breiband.
Status for dei ni nye mastene
- Skotane, satt i drift 15. juni 2021
- Tindeland, satt i drift 1. juli 2021.
- Hagahaugen, planlagt ferdig 4. kvartal 2021.
- Tørsdal, planlagt ferdig 4. kvartal 2021.
- Kyrkjenuten, planlagt ferdig 4. kvartal 2021.
- Vaka, planlagt 2022.
- Sandeid2, planlagt 2022.
- Hogganvik, planlagt 2022.
- Solheim, planlagt 2022.
Plassering av antennene
Skotane med antenneretningar, 2G og 4G
Tindeland med antenneretningar, 2G og 4G
Faktaark med fleire detaljar om prosjektet (PDF, 3 MB)
Markering på Skotane
Tidspunkt: Torsdag 19. august, klokka 12.00
Tilstades: Administrerande direktør i Telenor Peter-Børre Furberg, ordførar Ole Johan Vierdal og kommunalsjef for samfunnsutvikling Anne Sofie Sandvik.
Parkering: På Skotane er det ikkje så mange parkeringsplassar og parkering blir langs vegen.