Kommunestyret med tidleg møtestart

I dag har kommunestyret gjennomført sitt første møte med tidleg starttid. I ei sak før jul blei det vedtatt at kommunestyremøta skal gjennomførast på dagtid.

Kommunestyret blei i dag gjennomført på dagtid for første gong. Nils Erik Eide

Møtet starta presis kl. 12.00 og det var eit godt møte med gode debattar og engasjement. Møtet vart også sendt direkte på KommuneTV, der i underkant av 100 stk følgde sendinga, i følgje statistikken. Møtet kan også sjåast i opptak ved å klikke på lenka nedanfor. 

Formannskapet hadde også tidleg møte i dag, det var ekstraordinært møte som starta så tidleg som kl. 10.00. Før møtet var dei på synfaring i Ølen sentrum. Dette møtet kan du også sjå på KommuneTV i opptak, klikk på lenka nedanfor.

- Då er det iallefall litt igjen av dagen til å "gjera noko fornuftig”, sa ordføraren då han avslutta det aller første kommunestyremøtet på dagtid ca. kl. 14.30 med eit smil.

KommuneTV: formannskapsmøte, ekstraordinært 14.02.23

Sakspapir frå formannskapsmøte 14.02.23

KommuneTV: kommunestyremøte 14.02.23

Sakspapir frå kommunestyremøtet 14.02.23 finn du her