Ellen Marie Hagevik
Gjennom 2024 har stormen bevegd seg, og gjennom året har me opplevd at den er komen til oss, med både økonomiske utfordringar og store utfordringar med rekruttering av personell og kompetanse. Arbeidet med budsjett og økonomiplan har gjennom hausten vore svært utfordrande, og med dette framlegget vert det foreslått drastiske tiltak for drifta av Vindafjord kommune, samstundes som det er utfordrande å nå dei økonomiske måltala som er fastsett av kommunestyret.
Styringsfarta er for høg - behov for omstilling
Vindafjord kommune har gjennom mange år hatt ein sterk skatteinngang samanlikna med landsgjennomsnittet, og den nasjonale skatteinngangen har i tillegg vore større enn det som har vore anslag frå Finansdepartementet. Dette har gjort at kommunen år for år har hatt betydeleg større inntekter enn det som har vore lagt til grunn ved budsjettering. Dette har i stor grad vore midlar som følgje av ulike eingongseffektar, og som difor ikkje har kunne blitt lagt til grunn for budsjettering påfølgjande år.
Samstundes har dei årlege rekneskapane for kommunen vist eit meirforbruk mot tildelt budsjett for rammeområda, særskilt innanfor helse- og omsorg, men og innanfor oppvekst og kultur og forvaltning drift og utvikling. Det er ulike årsaker til meirforbruket, mellom anna ein høgare lønns- og prisvekst enn det som har vore lagt til grunn i budsjettet, behov for å leige inn vikarar for å dekke dei løpande tenestene, aukande kostnadar i «yngreomsorgen» og dyrtid i samfunnet som har medført auke i sosialhjelpskostnadar. Samstundes har rentenivåa over dobla seg dei siste åra og den generelle lønns- og prisveksten er høgare enn kommunane har blitt kompensert for gjennom den årlege auken i frie inntekter.
Dei enkelte åra har meirinntektene vore nytta til å dekke meirforbruket, og gitt gode resultat for kommunen. På denne måten har meirforbruket år for år vore dekka av «eingongsinntekter», medan den underliggande kostnadsauken i realiteten ikkje har blitt dekka. Gjennom 2024 har ein sett at desse eingongsinntektene ikkje lenger er tilstades i like stor grad, og på nasjonalt nivå vert det mellom anna forventa ein nedgang i skatteinntektene for kommunesektoren. Sjølv om det og i 2024 er enkelte positive avvik på inntektssida er effekten at meirkostnadane ikkje lenger lar seg dekke av meirinntekter.
Samla sett gjer dette at det må gjerast omstilling og endring i den kommunale drifta for å redusere kostnadsnivået i kommunen.
Omlegging av inntektssystemet - "skattefesten" er over
Frå og med 2025 vert det gjennomført ei omlegging av inntektssystemet for kommunane i Noreg. Mellom anna vert det i større grad gjort ei omfordeling av skatteinntektene, der kommunar som har ein skatteinngang som er høgre enn gjennomsnittet i endå større grad skal utjamne desse inntektene til kommunar som har ein skatteinngang under landsgjennomsnittet. Vidare vert det gjort ein del endringar i faktorane for tildeling av rammetilskot frå staten. Denne endringa skjer over 2 år, og ettersom Vindafjord kommune er ein skattesterk kommune, vil me frå 2026 ha ei noko lågare ramme økonomisk ramme gjennom skatteinngang enn det som vart lagt til grunn i 2024. Samstundes vil den potensielle oppsida bli redusert og me kan ikkje lengre vente oss så store meirinntekter frå skatt som kommunen har opplevd dei siste åra.
Omfattande investeringsbehov – auka utgifter til renter og avdrag
I perioden 2022-2024 har det og vore renteauke som har medført at dei årlege rentekostnadane har auka. Vindafjord kommune har, sjølv om det er gjort ein del investeringar, over tid hatt forholdsvis låge investeringar, noko som har medført at gjeldsnivået i dag ligg lågare enn i veldig mange andre kommunar. Det har gjort at renter og avdrag ikkje har auka like mykje hos oss som i andre kommunar. Samstundes har “mangelen” på investeringar, og dermed den låge gjeldsgraden, gjort at vi har ein nedslitt og udatert bygningsmasse, noko som mellom anna er gjort synleg gjennom Multiconsult sin gjennomgang av alle skule- og barnehagebygg, og gjennom Agenda Kaupang sin driftsgjennomgang av Helse- og Omsorg. For å bøte på dette ligg det dermed store investeringsbehov føre oss i tida som kjem, noko som igjen vil auke både behovet for å auke gjeldsgraden, og den effekten dette vil få for driftsbudsjettet.
Kompetanse er blitt ein mangelvare
Kommunen har dei siste åra hatt ein aukande utfordring med å rekruttere personell til ledige stillingar. Særskilt har dette vore gjeldande innan for institusjonsdrift i helse og omsorg, men det har og gjort seg gjeldande innanfor oppvekstsektoren, og dels innanfor forvaltning, drift og utvikling. Samla sett har dette både gitt utfordringar med å vere i stand til å yte tenester på ein del område, som mellom anna har materialisert seg med behov for stenging av avdelingar i barnehagar enkelte dagar og med flytting av elevar på 5-7. trinn frå Bjoa til Vågen. Vidare har rekrutteringsutfordringene medført høge kostnadar mellom anna til overtid, forskyving av vakter og leige av vikarar.
Tiltak i økonomiplanen
I framlegg til budsjett og økonomiplan vert det lagt fram forholdsvis drastiske tiltak for drifta av Vindafjord kommune, som både skal ta høgde for dei demografiske endringane, ta høgde for at det er meirforbruk i einingane i dag og som skal ta høgde for det store investeringsbehovet som ligg føre oss. Samstundes viser botnlinja at at desse tiltaka ikkje er tilstrekkelige til å nå måltala for økonomistyring, og dermed gje økonomisk berekraft for framtida for Vindafjord. Det vert difor i eit verbalforslag og lagt inn forslag om at omstillingsarbeidet skal fortsetje inn i 2026, og at arbeidet skal organiserast med ei politisk styringsgruppe, og der det skal leggast fram ytterligare forslag til omstilling i samband med handsaming av “perspektivmeldinga” i formannskap og kommunestyret i juni 2025.
Under her er ei oppsummering av dei viktigaste tiltaka i dette budsjettframlegget. Nærare detaljar går fram under omtalen av det enkelte rammeområdet.
Administrasjon
Det vert lagt opp til ein reduksjon av administrative stillingar i kommunen med ei stilling i 2026, og ytterligare ei stilling i 2027. Sjølv om nedtrekket er plassert under rammeområde administrasjon, så skal det sjåast på administrative stillingar i heile organisasjonen. Ei slik endring vil og medføre at tilsette må jobbe på nye måtar, og vidare at tenestenivået ut mot innbyggjarane vil kunne bli lågare på ein del område.
I løpet av 2025 vil Vindafjord kommune bli ein del av oppgåvefellesskapet IKT Nordhordaland. I overgangsfasen ligg det inne ein del eingongskostnadar, og det vert foreslått å auke ramma i 2025 for å dekke desse kostnadane. Samstundes er det å forvente økonomiske gevinstar med denne overgangen, mellom anna på lisensar, og det er lagt inn ei forventning på ein gevinst på 0,5 millionar kroner frå og med 2027.
Oppvekst
I framlegget til budsjett vert det lagt inn forslag om at Bjoa skule og Imsland skule og barnehage vert lagt ned frå og med skuleåret 2025/26. Framlegget er både grunngjeve i rekrutteringsutfordringer, behovet for innsparingar i drift og i investeringsbehovet som er meldt gjennom rapporten som kartla bygga i barnehage- og skulesektoren.
På investeringar er det sett av midlar til å følgje opp rapporten etter kartlegginga av skule- og barnehagebygg, men det er ikkje rom for å setje av så store summar som kartlegginga krev i den første perioden på 5 år.
Helse og omsorg
Innanfor rammeområde helse og omsorg har det dei siste åra vore større meirforbruk samanlikna med budsjett. Det er og gjort enkelte budsjettjusteringar i løpet av året, mellom anna knytt til tenester som må driftast og vidare framover. Gjennom budsjettframlegget er det, så langt det har vore mogeleg, tatt høgde for desse utgiftene inn i framtida. Samstundes er ikkje auken like stor som meirforbruket i tenestene har vore dei siste åra, noko som gjer at det løpande omstillingsarbeidet i rammeområdet må fortsetje og inn i 2025.
I 2024 vart det gjennomført ei kartlegging og ein driftsgjennomgang av kommunen sine helse- og omsorgstenester frå Agenda Kaupang, og me har fått presentert både ein rapport og nokre tilrådingar. Ei av dei klare tilrådingane frå Agenda Kaupang er overgang til ein institusjon i Vindafjord kommune. I framlegg til budsjett vert det tilrådd å setje av midlar til eit prosjekt for å greie ut, og eventuelt gjennomføre, ei samling av ressursane innanfor dagens bygningsmasse, som eit første trinn i omlegginga av tenestene. Vidare er det i perioden sett av midlar til bygging av eit nytt omsorgssenter i Vindafjord kommune, med oppstart av bygging i 2027 eller 2028. Det vert og lagt til grunn at det må setjast av midlar til denne investeringa og i 2029, slik at den samla investeringskostnaden for kommunen blir på 200 millionar kroner.
Innanfor området vert det og sett av nokre av midlane som er tildelt gjennom rammetilskotet til drift av FACT-samarbeid saman med Helse Fonna, og vidare nokre midlar som saman med statlege tilskotsmidlar kan bidra i ei frisklivssatsing som skal kunne sikre at fleire skal kunne bu heime lenger.
Forvaltning, drift og utvikling
Det nye symjeanlegget, saman med det nye bygdehuset i Vats, opnar sommaren 2025. Det er kommunedirektøren si klare oppfatning at Vindafjord kommune ikkje har økonomi til å drifte 2 symjebasseng, og det vert difor foreslått å avvikle symjebassenget i Ølen når anlegget i Vats opnar. Det handlar her både om den løpande driftskostnaden med bassenget i Ølen, og og med tanke på det framtidige investeringsbehovet som ligg til dette bassenget. Samstundes kan arealet som i dag vert nytta til symjebasseng byggjast om til aktivitetsrom, som dermed vil kunne løyse nokre av utfordringane Ølen skule har med areal til å gjennomføre kroppsøving.
I gjeldande økonomiplan er det sett av midlar til drift av symjehallen i Vats. I berekningane som vart lagt til grunn når midlane vart avsett, så ligg det inne årlege midlar til vedlikehald av bygget. Kommunedirektøren ser det som lite aktuelt med vedlikehald av dette bygget dei første åra, og tilrår å omprioritere delar av desse midlane til generelt vedlikehald i Vindafjord kommune, og å rekne dei resterande midlane som “innsparing” samanlikna med dagens økonomiplan.
Digitalisering av byggesaksarkivet har i mange år vore innspelt som eit ønska tiltak frå området, og det vert foreslått å setje av midlar til dette i 2025. Gjennom ei slik digitalisering vil det på sikt vere gevinstar å hente både i den kommunale sakshandsaminga og for innbyggjarane som skal samhandle med tenestene.
I tillegg til investeringane innanfor oppvekst og helse og omsorg, er det og sett i gang investeringar med bygging av ny brannstasjon både i Skjold og Sandeid. Det er og store investeringar som følgje av oppfølginga av hovudplan for vatn og hovudplan for avløp, og samla sett skal det investerast mykje i Vindafjord kommune dei neste åra, noko som vil setje krav til både prosjektleiingsressursen i kommunen, men og til den økonomiske bereevna for kommunen. Kommunedirektøren vil difor tilrå at det vert gjort vurderingar av om behovet for alle investeringane er tilstades, og at det ved prioriteringar og vert vedteke å ta prosjekt ut av investeringsporteføljen. Etter mitt syn bør det og, for alle investeringar, vurderast om investeringa vil gje effekt gjennom meir effektive tenester eller gjennom reduserte kostnadar på andre måtar. Vi bør og fortsetje å vurdere omfanget av eigedomsporteføljen i kommunen.
Det ligg og inne ein auke til Haugaland Brann og Redning IKS utover den generelle auken i lønns- og prisvekst. I all hovudsak heng dette saman med bygging av brannstasjonar i dei ulike eigarkommunane, samt gjennomføring av ulike lov-pålagte krav. Det er og meldt at denne auken vil vekse vidare i samband med mellom anna ferdigstilling av ny hovudbrannstasjon, men og av brannstasjonane i Skjold og Sandeid. Delar av denne auken vil kommunen få “refundert” gjennom auka husleige når dei nye brannstasjonane opnar.
Oppsummering
Kommunedirektøren legg med dette fram eit budsjettforslag med tiltak for 2025 som vil opplevast som drastiske både for innbyggjarar og tilsette. Samstundes er det viktig å presisere at omstillingsarbeidet i Vindafjord ikkje kan avsluttast med dei tiltaka som ligg inne i budsjettet i dag. Arbeidet må gå vidare med eit mål om at måltala for både netto driftsresultat, gjeldsgrad og disposisjonsfond vert nådd. Gjennom verbalpunkt er det difor skissert opp korleis eit slikt arbeid kan fortsetje inn i 2025.
Når kommunedirektøren no legg fram eit budsjett som i stor grad inneheld konsekvensjusteringar og kutt, så inneber det og at det er mange ønsker og innspel frå einingane som ikkje har blitt prioritert i år, både når det gjeld driftstiltak og investeringstiltak. Dette er truleg ein kvardag og ein situasjon me må pårekna blir slik langt fram i tid, og er noko som har vore signalisert gjennom kommunedirektøren si perspektivmelding til kommunestyret, men og i regjeringa si perspektivmelding.
Når me hadde Håvard Moe frå KS Konsulent på besøk i november 2023, så var hans vurdering av Vindafjord kommune at me har finansiert ei dyr drift gjennom låge investeringar over mange år. Dette budsjettframlegget eit steg mot å få til ei billigare drift, men i meir nye, moderne og oppdaterte bygg og lokalar. For å lukkast med dette må politisk nivå, tillitsvalde, administrasjonen, kommunen sine tilsette og innbyggjarane erkjenne utfordringane Vindafjord kommune står ovanfor og omstille drifta saman.
Ølen, 29. oktober 2024
Yngve Folven Bergesen
Kommunedirektør
Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg 2025-28
Sjå presentasjon av budsjettforslaget på KommuneTV her