Karoline jobbar med barn og unge: – Det handlar om å bli sett og forstått

På Skjold skule møter elevane vaksne som bryr seg – kvar einaste dag. For Karoline Velde er jobben som assistent meir enn ein jobb. 

Skjold skule er ein stad ho kjenner seg heime, og der ho får bruke erfaringane sine til å gjera ein forskjell for barn og unge som treng litt ekstra støtte.

Karoline har jobba som assistent ved skulen i snart fire år. Ho bur i Skjold saman med mann og tre barn på 9, 7 og 5 år.

Karoline Velde utanfor skulen - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Ein litt tilfeldig veg – men heilt rett plass

Då Karoline var yngre, var ho usikker på kva ho ville bli. Ho hadde lærlingtid, jobba mange år i butikk og var også innom barnehage.

Det var først mange år seinare, litt ved ein tilfeldighet, at ho byrja som ringevikar ved Skjold skule.

– Då kjente eg det ganske raskt: Dette er det eg vil, seier ho.

Karoline har alltid hatt eit ønskje om å jobba med barn og unge med ekstra utfordringar. Ho har sjølv dysleksi og kjenner godt til korleis det er å streva på skulen.

– Det å kjenna seg igjen i elevane gjer at eg brenn ekstra for denne jobben. Eg veit kor viktig det er å bli sett og forstått, og å få hjelp på det nivået som passar for deg.

For Karoline betydde det mykje då ho sjølv gjekk på skulen at det var ein lærar som såg henne når ho strevde. Den opplevinga har ho teke med seg vidare. 

I tillegg har ho blitt inspirert av tanta si, som jobbar med barn og unge.

Bli kollega med Karoline

Karoline Velde utanfor skulen - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Meistring – for både elevar og vaksne

Ho starta i eit vikariat, og er no fast tilsett ved skulen. I dag jobbar Karoline særleg med elevar på 4. og 7. trinn. Ho trivst godt både med alderen og kompleksiteten i arbeidet. 

– Det er så kjekt å sjå utvikling. Når ein elev plutseleg skjønar noko dei har strevd med, og du veit at du har vore med og lagt til rette for det – då kjenner ein på meistring sjølv òg.

Ho fortel at mykje av arbeidet handlar om tillit over tid.

– Når du byggjer ein relasjon, kjem den gjensidige respekten. Nokre elevar slit sosialt, andre fagleg, men når du finn ein veg inn og ser at dei opplever meistring, då veit du kvifor du er her.

Eit sterkt kollegafellesskap

Karoline skryt varmt av arbeidsmiljøet på Skjold skule.

– Kollegaene her er heilt fantastiske. Me hjelper kvarandre, og det er alltid lov å spørja om hjelp. Ingen står aleine.

Ho skildrar seg sjølv som «litt potet», og som ein som kjem fort inn i ulike klassar og tilpassar seg ulike elevar.

– Det gir variasjon og nye utfordringar kvar dag. Du lærer heile tida noko nytt.

Sosialt er det også mykje som skjer. Karoline er med i sosialkomiteen, og trekkjer fram både skulequiz og mykje humor i kvardagen.

– Me har det kjekt på jobb. Det er viktig, spesielt i ein travel kvardag.

Karoline Velde utanfor skulen - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Ein jobb med meining

På fritida er det familien som står i fokus, men når ho får litt tid for seg sjølv, likar ho godt å strikka. 

Som person er Karoline sosial og glad i å jobba med menneske – noko ho verkeleg får brukt i jobben.

– Skulen er ein arbeidsplass der du får vera deg sjølv, utvikla deg og gjera ein skilnad. Kvar dag er forskjellig, og det er alltid behov for vaksne som bryr seg.

Ho er ikkje i tvil om kva ho vil seia til andre som vurderer å jobba i Vindafjordskulen:

– Viss du likar å jobba med barn og unge, vil ha eit godt arbeidsmiljø og ønskjer ein jobb som betyr noko – då er dette plassen for deg.

Bli kollega med Karoline