Julestemning på Vindafjordtunet i januar

KORe' Vindafjord var før jul på Ølen omsorgssenter og hadde julekonsert for dei eldre. Det passa ikkje før nyttår på Vindafjordtunet, men i går fekk dei julestemning av det kommunale koret i janauar. 

Det kom mange bebuarar og pårørande og fekk med seg julekonserten på Vindafjordtunet Ingfrid Byrkja Hystad

Fleire tradisjonelle julesongar blei framført og publikum song med. Det var ei fin stund saman med KORe' Vindafjord, som pleier å ha det som ein tradisjon å besøkja dei to sentra for å syngje for dei eldre. Dette betyr mykje for det kommunale koret, som no går inn i sin 18 sesong som KORe' Vindafjord. 

Etter konserten var det kake og kaffe, og dirigent Lasse Jarmer lovde at koret kjem tilbake med det første for å halda ny minikonsert for bebuarane på Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter. 

Fleire song med på dei tradisjonelle julesongane som KORe' Vindafjord framførte denne flotte januarkvelden på Vindafjordtunet Ingfrid Byrkja Hystad

 

Varme juletonar for dei eldre på Ølen omsorgssenter