Informasjonsmøte til bebuarar, pasientar og pårørande

Måndag 10.03 og onsdag 11.03 var det informasjonsmøte for bebuarar/pasientar og pårørande på Vindafjordtunet og ved Ølen Omsorgssenter vedrørande samanslåingsprosjekt.

Måndag 10.03 og onsdag 11.03 var det informasjonsmøte for bebuarar/pasientar og pårørande på Vindafjordtunet og ved Ølen Omsorgssenter vedrørande prosjektet der ein ser på samanslåing av institusjonsdrifta og moglege påverkningar i pleie og omsorgs tenester.
Totalt kom det ca 65 bebuarar/pasientar/pårørande. 
Kommunalsjef Sigurd Gjerdevik informerte om bakgrunnen for kvifor ein må sjå på å gjera endringar medan prosessleiar Annelin Bauge informerte om kva ein har gjort til no i prosjektgruppa, status no og arbeidet vidare.

Me vil takke alle som kom på møta og deira spørsmål og innspel som vert tatt med vidare.

Dersom ein har ytterlegare tankar, spørsmål eller innspel kan desse sendast til: vindafjordtunet@vindafjord.kommune.no 
 

Bilete av ulike mennesker som høyrer på ein person som snakkar. Menneske sit med ryggen til kamera. - Klikk for stort bilete Annelin Bauge