I karantene på valdagen?

Har du tenkt på at det ved årets val er ein viss sjans for at du kanskje er i karantene på valdagen? Eller at du vaknar opp på valdagen og kjenner på litt sår hals eller forkjøling?

Valgdirektoratet

Då kan du ikkje møta opp i våre ordinære vallokaler, for her skal ingen i karantene eller personar med symptom møta opp. Vindafjord kommune har difor lagt til rette for at våre innbyggarar, som er i karantene eller kjenner på symptom, skal få stemma i eige lokale.

Stad: Koronateststasjonen i Ølen
Adresse: Rådhusplassen 32, 5580 Ølen
Tidspunkt:

  • 16.00 – 18.00: Fredag 10. september
  • 16.00 – 18.00: Måndag 13. september

Les meir om val og korona på temasida vår om valet 2021. 

Har du allereie bestemt deg for kva du vil stemma den 13. september?

Då anbefalar me deg til å førehandsstemma ved årets val.

På laurdag 4. september er det ope desse stadene:

  • 10.00 – 14.00: Sjøperlo, Ølen
  • 10.00 – 14.00: Vikedal bygdahus
  • 10.00 – 14.00: Skjold bygdahus

I veka som kjem er det langope på Sjøperlo i Ølen og du kan stemma på ettermiddag og kveld:

  • 09.00 – 18.00: Måndag, tysdag, torsdag og fredag
  • 09.00 – 15.00: Onsdag

VELKOMEN TIL VALLOKALET - OG HUGS LEGITIMASJON!