Prognosar viser at barne/elevtalet vil halde fram med å minke, noko som gjer det utfordrande å oppretthalde eit tilfredsstillande pedagogisk tilbod ved desse einingane. Samla sett gir dette store behov for omstilling og effektivisering av den kommunale drifta
Begge einingane står overfor store investeringsbehov for å oppretthalde og oppgradera bygningsmassen og undervisningsfasilitetane. Ved å legge ned einingane, vil kommunen kunne spare til saman 7 millionar kroner årleg. I tillegg vil fleire pedagogar og hjelpearbeidarar bli frigjort, noko som er sårt tiltrengt i andre delar av kommunen.
Kommunedirektøren forstår at dette er ei vanskeleg situasjon for innbyggjarane som mister barnehagen/skulen i bygda. Det er viktig å anerkjenne dei kjenslene og bekymringane som følgjer med ei slik endring. Samstundes er kommunedirektøren overtydd om at dette vil vere til det beste for elevane på lang sikt. For å sikre at overgangen blir så smidig som mogleg, vil det bli lagt opp til overlapping som blant anna hospitering og prøveturar med buss.
Kommunen vil arbeide tett med alle involverte partar for å sikre at elevane får ein god og trygg skulekvardag i sine nye omgjevnader.
Elevar og føresette si stemme
I denne prosessen er det avgjerande å framheve viktigheita av elevar og føresette si stemme. Mykje av dette blei spelt inn i samband med barnehage- og skulebruksplanen våren 2022, men kommunedirektøren ynskjer likevel å gjennomføre ei avgrensa høyring med dei som er direkte omfatta av forslag til tiltak. Elevråd, Ungdomsråd, FAU og tillitsvalde vil spele ei sentral rolle i å sikre at alle synspunkt og innspel blir høyrde.
Me oppmodar difor alle til å delta aktivt i høyringsprosessen og dele sine tankar og meiningar. Saman kan vi arbeide for å skape eit best mogleg læringsmiljø for våre elevar.
Send innspel til budsjettforslaget til postmottak@vindafjord.kommune.no og merk med «Høyringsuttale til budsjettframlegg 2025-28, barnehage – og skulestruktur» innan 8. desember 2024.
Med venleg helsing,
Kommunedirektør
Yngve Folven Bergesen
29.10.24
Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg 2025-28
Sjå presentasjon av budsjettforslaget på KommuneTV her