Hjelp bøndene å bekjempa landøyda

Planta landøyda er giftig og potensielt dødeleg for storfe og hest. Det er uhyre viktig å halda den vekke frå jordbruksareal. Me oppfordrar alle til å vera med å fjerna landøyda før frøa sprer seg. 

Det norske hageselskap

Landøyda (Jacobaea vulgaris) har dei siste åra spreidd seg fleire stader i kommunen. Heile planta er giftig, både frisk og i tørka tilstand. Derfor er det viktig å ikkje få den med i fôr til husdyr. Planta kan føra til kronisk leverskade på dyr, og er spesielt farleg for storfe og hest. Det er derfor uhyre viktig å halda den unna beiter og ekrer.

Ei einaste plante kan gi rundt 2000 frø, så kvar plante som blir fjerna er til stor hjelp for landbruket.

På denne tida av året lyser landøyda godt opp med sine store gule blomsterklasar i vegkanten. Hvis du ser ei slik plante kan du enkelt nappa den opp med rota. Det blir anbefalt å bruka hanskar ettersom plantesafta kan gi solskadar. Deretter må den kastast i lukka pose i restavfallet for å hindra frøspreiing.

Takk for at du hjelper bonden!

Lenke til video frå Rogaland Bondelag om fjerning av landøyda

Nettlenke til informasjon om landøyda i plantevernleksikonet

Det norske hageselskap