Har du ledig tid å bruka på andre?

Vindafjord og Etne frivilligsentral arrangerer uforpliktande kurs for frivillige. 

Bilde av dame som serverer suppe - Klikk for stort bilete congerdesign@Pixabay

Kven kan vera frivillig?

Ung eller gamal, mann eller kvinne - du er hjarteleg velkomen på dette uforpliktande to-dagars kurset.

Kurset gir deg kunnskap om korleis du kan vera ei støtta for andre og deira pårørande/familie. Til dømes gjennom å vera besøksvenn, aktivitetsvenn eller ein ekstra ressurs for menneske i sin siste livsfase.

Hugs at du kan vera frivillig to dagar i veka eller ein dag i året. Det er opp til deg. 

Velkomen til kurs

Kurset blir holdt på Etne omsorgssenter, i Dagsenteret sine lokaler. 

Kursdag 1: 22. mars klokka 18.00 - 20. 00
Kursdag 2: 29. mars klokka 18.00 - 20.00 

Enkel servering. 

Meld deg på innan 17. mars.

Kontaktinformasjon:
Telefon: 90 23 83 54
E-post: frivillig.etne@gmail.com

Lenke til plakat - Kurs for frivillige 2023 (PDF, 753 kB)