Godt resultat i 2022 tross stor usikkerheit gjennom året

2022 var nok ein gong eit utfordrande år, men Vindafjord kommune leverte likevel eit svært godt resultat med eit netto driftsresultat på 57,3 millionar kroner.

Bilde av kalkulator - Klikk for stort bilete stevepb@Pixabay

Resultatet svarar til om lag 6,27 % av brutto driftsinntekter som enda på i underkant av 914 millionar. Det gode resultatet styrkar kommunen sitt disposisjonsfond, og på sikt gir det høve til å eigenfinansiere større del av investeringane framover, noko som igjen vil kunne gje reduserte kostnadar til renter og avdrag. Fondet vil og vere ein buffer for dårlegare resultat i framtida.

Årsrekneskapen er førebels og skal reviderast før den er endeleg. Rekneskapen vil bli korrigert ved vesentlege endringar.

Ekstraordinær skatteinngang
Det er ulike årsaker til dette resultatet, men den viktigaste forklaringa er ekstraordinær stor skatteinngang både lokalt og nasjonalt. Nasjonalt vart denne ca. 36 milliardar større enn det som vart lagt til grunn ved statsbudsjettet for 2022. I behandlinga av statsbudsjettet for 2022 blei det vedtatt ei auke i utbytteskatten frå 2022. Dette førte til at mange skattytarar tok ut ekstraordinært utbytte i 2021. Dei færraste innbetalte forskotsskatt i 2021 for dette utbyttet, med den følgje at innbetalt restskatt i 2022 blei uvanleg høg. Skatteinngangen i Vindafjord hamna på 114,1 % av snittet i Noreg, og gav ein meirinntekt på ca. 25 millionar kroner samanlikna med justert budsjett.

Store koronarelaterte utgifter også i 2022
Vindafjord kommune hadde høge ekstrautgifter knytt til koronapandemien også i 2022, hovudsakleg knytt til uvanleg høgt sjukefråvær i starten av året og ein dyr overtidsavtale. Samla blei det bokført om lag 19 millionar. I fyrste halvår fekk kommunen utbetalt berre litt over 1 million ekstra som statleg finansiering av desse ekstrautgiftene, og det var ein uklar faktor fram til saldering av statsbudsjettet i desember 2022 kor stor kompensasjon kommunen faktisk ville få. I desember fekk kommunen utbetalt totalt 15 millionar i ekstra rammetilskot og skjønnsmidlar, slik at samla kompensasjon for Covid-19 til slutt utgjorde i underkant av 90 % av kommunen sine ekstrautgifter.

Ekstra utbytte frå Haugaland Kraft
Mot slutten av 2022 vart det vedteke ekstraordinært utbytte frå Haugaland Kraft. Dette utgjorde ca. 8 millionar kroner for Vindafjord kommune som ikkje var budsjettert. Dette kom i tillegg til ordinært utbytte frå selskapet, som hamna 6,1 millionar over opphavleg budsjett. Totalt fekk Vindafjord kommune 23,6 millionar i utbytte frå selskapet for 2022.

I tillegg blei utbetalinga frå Havbruksfondet større enn budsjettert, kommunen fekk totalt 11,3 millionar mot 8 millionar i budsjettet.

Tok imot 55 flyktningar
Kommunen tok i mot totalt 55 flyktningar i 2022 og fekk om lag 19 millionar i integreringstilskot. Det er om lag 4 millionar meir enn justert budsjettert. Kommunen får fullt tilskot for mottak av flyktningar det første uansett på kva tid av året ein flyktning blir busett, og mykje av kostnadane til busettinga vil kome i åra som ligg føre oss.

Framleis meirforbruk i drifta
I den underliggande drifta er det framleis eit samla meirforbruk, men avviket innanfor helse og omsorg er mindre enn det har vore dei siste åra og har vist ein nedgåande trend gjennom hausten. I tillegg er det negative avvik innanfor rammeområde forvaltning, drift og utvikling, dels grunna høge straumprisar.

Investeringar
Investeringsutgiftene enda på 108,5 millionar kroner i 2022. Kommunen har ei brei investeringsportefølje med både små og store prosjekt. Solbakken er det største enkelprosjektet med 33 millionar i 2022. Kommunen har også investert om lag 26 millionar i Nerheim næringspark og brukt over 20 millionar samla til investeringar innan vatn og kloakk.

Vidare prosess
Rekneskapen skal no reviderast, og så skal den handsamast av kommunestyret saman med årsmeldinga i møtet i juni.