Glimt frå VindaFesten

Ein vellukka VindaFest blei gjennomført sist veke, heile 530 tilsette fekk oppleva desse kveldane med god mat og underhaldning. Takk til alle som kom og gjorde kvelden magisk. Her kan de sjå glimt frå kveldane.

Kine Nesheim Trio Nils Erik Eide

Kommunestyret gav i eit møte 21. juni kommunedirektøren fullmakt til å gjennomføra ei markering for alle tilsette i kommunen som takk for innsatsen gjennom koronapandemien, og ei flott markering blei det. VindaFesten blei gjennomført med tre like kveldar slik at alle tilsette skulle få moglegheit til å delta, 1., 2. og 3. november. 

Det heile opna med minikonsert i foajeen med KORe' Vindafjord før dei frammøtte fekk sjå videoen som viste kvardagsglimt frå einingane våre. Denne vart laga av Svein Carlos Nilsen Gjil etter ein ide av kommunalsjef personal og organisasjon Kristin Marie Dahle. 


Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen og hans leiargruppe opna showet før han gav ordet til folkekjære Linda Eide og hennar sjov med språk. Etter det var det dags for nydelig fingermat og noko søtt til kaffien før Kine Nesheim Trio gav ein magisk konsert til publikum. Ordførar Ole Johan Vierdal runda av kvelden med gode ord. Han takka spesielt komiteen for framifrå innsats.

Her er VindaFest komiteen saman med Linda Eide, f.v Nils Erik Eide, Gunnbjørg Nesbu, Linda Eide, Nina D. Haslemo, Monica S. Velde og Beate Tandrevold Jarle Ljosnes

Her er glimt frå kveldane, dersom nokon har blinkskot frå kvelden dei deltok, send gjerne bildet på e-post til Nils Erik (nils.erik.eide@vindafjord.kommune.no).