Førestilling om nest mest leste bok i Noreg
«Lesebok for folkeskolen» har hatt betydning for nasjonal identitet. Nå kan du oppleva tekstane frå leseboka på ny gjennom ei førestilling med fortelling, opplesing og song.
Monica N. Haugan og Tove Selsås frå Haugalandmuseet inviteter til førestilling på Gamle Erland skule.
Nordahl Rolfsen gav ut «Lesebok for folkeskolen» i 1892. Boka kom ut i ulike utgåver heilt fram til 1950, og er blitt trykt i meir enn 8 millionar eksemplar. Nest etter Bibelen er det inga anna bok som har hatt ein slik stor lesekrins.
Onsdag 19. oktober klokka 19.00 inviterer Monica N. Haugan og Tove Selsås frå Haugalandmuseet til førestilling på Gamle Ersland skule i Skjold.
Brikt Jensen sa: «Mange ringer eller skriver til meg fordi brokker av dikt eller en fortelling gnager i de – det er minner fra barndommens gamle lesebok – den gangen det bare var en, felles for flere generasjoner nordmenn.»
Sist endra 12.10.2022 11.15