Førebyggande vaksine mot mpox (apekoppar)

Vindafjord kommune har inngått eit samarbeid med Revmatismesykehuset i Haugesund om vaksinasjon mot apekoppar.

valelopardo@Pixabay

Tilbodet er tilgjengeleg for menn og transpersonar som har sex med menn, og som har risiko for å bli smitta (grunna fleire eller nye sexpartnarar). Helsepersonell og laboratoriepersonell som er særleg utsett for smitte gjennom arbeidet er og inkludert i tilbodet.

På Haugalandet og i Sunnhordland står Haugesund revmatismesykehus for vaksineringa på vegne av kommunane i regionen. Time må bestillast på førehand, på telefonnummer 52 80 50 00. Det er ikkje høve til å bestilla time på nett.

Nettlenke til HSR - Vaksinering mot mpox