Førebels stopp for handlebussen
Handlebussen har tilbod ut januar 2022, men må etter det førebels avviklast.
Handlebussen går i dag til Jokerbutikken i Vikebygd og til Matkroken på Kvaløy i Imsland. Den har kvar fredag henta kundar heime i bygdene Imsland, Bjoa og Vikebygd og frakta dei til butikken.
Kundane blir køyrt til butikken, får handla, tatt ein kopp kaffi og drøsa med folk, og så køyrt heim og eventuelt fått hjelp med varene heilt inn på kjøkkenbordet.
Handlebussen har vore finansiert av prosjekt Vakre Vindafjord, men det er ikkje midlar til vidare fast drift. Kommunen har så langt ikkje lukkast med å finna andre finansieringskjelder.
Eit unikt tilbod
Handlebussen har vore eit svært godt tilbod som har betra kvardagsattraktiviteten til heimebuande eldre som ikkje kan koma seg til butikken på eiga hand. Handlebussen kan også bidra til at eldre kan bli buande lengre heime .
Kommunen har akkurat vedtatt plan for Leve heile livet (2021-2024). Kvalitetsreformen «Leve hele livet» skal bidra til at menneske kan meistra livet lenger, ha tryggleik for at dei får god hjelp når dei har behov og ei meir profesjonalisert pårøranderolle.
I denne planen vil kommunen blant anna arbeida for søka på midlar som kan sikra gjenopning av Handlebussen. Me har ikkje lukkast å få til ei løysing i løpet av 2021.
Sist endra 07.01.2022 12.46