Erfaringsdeling om velferdsteknologi
Måndag 25.09.23 var avdelingsleiarar i institusjon, einingsleiar institusjon, rådgjevar helse og omsorg og rådgivar i prosjekt TØRN helse og omsorg på erfaringsdeling på Randaberg i samband med utvikling av velferdsteknologi.
Annelin Bauge
Vindafjord Kommune ser på vidareutvikling av dette og i institusjon, og då er det bra med erfaringsdeling. På samlinga var det fokus på ei digital tavle som i større grad kvalitetssikrar arbeidet tilsette gjer i tenesta opp mot den enkelte bebuar og deira behov.
Med oss var prosjektleiar i velferdsteknologi på Randaberg, to avdelingsleirar og to tilsette frå Atea, som er leverandør av produkt.
Det var ein vellukka og god dag på Randaberg ,ed mykje god erfaringsdeling.
Annelin Bauge
Sist endra 26.09.2023 12.51