Bufetat arrangerer i perioden 31.mai – 6. juni ein nasjonal kampanje, #fosterhjemsuka. Kampanjen skal synleggjerast i alle landets fem regionar, og det blir gjennomført ulike lokale aktivitetar. På Haugalandet blir det arrangement på Karmsund vidaregåande skule torsdag 1. juni.
Bli med på foredrag med Laila Haaland, leiar for multisystemisk terapi (MST) i Bufetat. Laila har over fleire år hjulpe ungdom og foreldre i periodar der dei har hatt det ekstra vanskeleg. Ho skal snakka om korleis voksne kan møta ungdom på ein god måte.
Artist Kine Nesheim blir med og setter en ekstra spiss på arrangementet med si nydelege sangstemme. Det blir i tillegg en uformell sofaprat med erfarne fosterforeldre med tema ungdom.
- Korleis vil det eigentleg påvirka min familie, hvis me blir fosterheim?
Meld deg på så får du møte erfarne fosterforeldre som svarar på spørsmål.
Arrangementet er gratis, og det blir enkel servering.
Tid og stad
Torsdag 1. juni klokka 18.30 - 20.30.
Salhusvegen 68, Karmsund Videregående skole, Haugesund
Påmelding til fosterheimsveka i Haugesund
Nettlenke til informasjon om #fosterhjemsuka